februar 5

Turtips: Stord på langs

Turtips: Stord på langs

Tekst: Jørn Olav Myhre

Dette er ein klassikar på Stord, og er ein tur på ca to mil der du bør setje av 6 til 7 timar frå starten på Heio til du er framme ved Olstjødno.

Sving av på E39 mot Fjellgardane. Det er køyreveg heilt opp til parkeringsplassen på Heio, og her startar turen med om lag 650 trappetrinn i den såkalla sherpatrappa opp Fossabrekko til varden i Kvelve. Deretter går stien rett nord mot toppen av Kvelve, forbi Martebrotet, langs Litle Tjødnadalen og ned i Store Tjødnadalen.

Her vil ein treffe på eit stikryss der ein enten kan gå vest mot Sørlileitet og eventuelt ende opp på Dalshaugane, aust til Børtveit og Jektevik, eller vidare nordover mot Mehammarsåta. Me vel å gå nordover, først over Børtveitkalderasen og Steinfjellet, før ein endeleg når varden på Mehammersåta, 749 moh. Dette er det høgste punktet på øya vår og byr på ein storslagen utsikt mot Haugesund i sør, Bømlo, storhavet  og Fitjarøyane i vest, kvinneheradsfjella og Folgefonna i aust, og Kvamskogen med Tveitakvitingen og Bergen med Lyderhorn mot nord.

På veg ned frå Mehammersåta kryssar ein kommunegrensa til Fitjar, og ein får Fitjarhesten på venstre hand med ein gong ein er nede. Turen fortset då i lett terreng forbi Djupatjødno og Mosavatnet, der ein treff på stikrysset frå Tindaslottet og Grønafjellet.

Alle foto: Jørn Olav Myhre

Fossabrekko

Store Tjødnadalen

Børtveitkalderasen

Mehammersåta


Tags


Du vil kanskje også like:

Herleg skiterreng!

Herleg skiterreng!

Turtips: Tveitafossen

Turtips: Tveitafossen
Legg igjen ein kommentar!

Your email address will not be published. Required fields are marked

{"email":"Email address invalid","url":"Website address invalid","required":"Required field missing"}