Turtips: Fitjar på tvers
Tekst: Jørn Olav Myhre
Denne ruta startar i Vistvik på E39 frå Sandvikvåg, og er på om lag 8km. På same måte som for Stord på langs må du også her gjere unna dei fleste høgdemetrane på dei første par kilometrane av turen. Føl traktorvegen frå parkeringsplassen opp langs Vistvikelva til dess du ser skiltet som leiar deg inn på stien til Tindane. Oppturen er relativ bratt, men dette får ein betalt for i form av ein fantastisk utsikt mot Kvinnherad og Folgefonna i aust og Samnanger i nord. Sjølve Tindaslottet er ei fin steinbu bygd av lokale grunneigarar i moderne tid, og her kan ein og overnatte om ein ønskjer. Uansett bør ein unne seg eit besøk på utedoen som må ha den beste utsikta frå noko toalett på vestlandet.
Turen frå Tindaslottet går på merka sti mot Grønafjellet og endar opp i stikrysset ved Mosavatnet.
For begge turane går no vegen nordover til Svartavatnet og den velkjente Kjerringo. Det som er mest vanleg no etter mølleparken kom, er å følgje stien langs Svartavatnet ned til lysløypa ved Midtvatnet og vidare ned til Olstjødna, der ein enkelt kan hentast med bil før ei vel fortent forfrisking på bryggekafeen eller på eigen terrasse.
Ønskjer ein å strekke turen enno litt lenger, så kan ein følgje stien frå Kjerringo over sjølve Midtfjellet, forbi Kyrkjevatnet og ned til Lomatjødno før ein endar opp i toppen av Fitjarstølane.
Viktig å hugse på:
Sjølv på dagstur er det viktig å vere førebudd på at veret kan snu. Sjå ut.no eller DNT sine nettsider for råd og tips til kva ein bør pakke med seg, og ha ein god tur.
Alle foto: Jørn Olav Myhre

Start i Vistvik

Over Hageberg

Flott utsikt over Folgefonna

Godt merka sti mot Grønafjellet

