1. Port Steingard. Ved sidan av PS Bryggekafe. Barnevenleg og langgrunt, men vær obs på båttrafikk til kafeen og gjennom kanalen. Tilkomst via sti rundt laguna frå PS Bryggekafe, og frå vegen til Vesthaugane Bryggje. Parkering ved kafeen og ved Vesthaugane Bryggje.
2. Port Steingard Nord. Lita strand nord for Stolpehus og fiskestover. Sandstrand med enkelte store steinar. Grunt innmed stranda, men det vert fort djupt. Parkering ved PS Bryggekafe.
3. Port Steingard Aust. Langgrunt og barnevenleg, naturleg lagune i Hellandsfjorden ved kanalen på austsida av vegen i Port Steingard. Her er gapahuk med høve for grilling. Parkering langs vegen eller ved PS Bryggekafe.
4. Dåvane. Lun og skjerma badeplass i Hellandsfjorden, langgrunt og godt egna for born. Parkeringsplass ved vegen og opparbeida gangsti ned til stranda.
5. Øskjeneset. Sandstrand heilt sør i Kråko.
6. Søre Kråkevågen. Badeplass inst i Kråkevågen. Lunt og skjerma, langgrunt. Parkering langs vegen.
7. Litla Eldøy. Sør på Litla Eldøy er ei naturleg skjerma lagune med naturstrand, omkransa av fine svaberg. Tilkomst med båt.
