Tomter

Tomt i Kråko

Uansett kor du har tomt i Kråko, så er du berre eit plask unna Fitjarskjergarden med øyar som lokkar deg ut på eventyr. Vestvendt med utsikt eller lunt og skjerma - i Kråko finst ei tomt for ein kvar smak. Kråko er prega av knausar og berg, lyng og einerbuskar, eit typisk røft kystlandskap, med høve for alle slags familieaktivitetar, på, i og nær sjøen.

Dei fleste tomter er utan byggeklausul, og nokre ligg i eit område der ein ynskjer meir samanheng i byggestilen.

Her ser du eit utval av våre salsklare tomter på Kråko:

alternativ 1:

Lun og solrik tomt

Lun og solrik tomt med kort veg til sjø, ein kan leiga eller kjøpa båtplass like ved, svært gode solforhold og tomta ligg luna og godt i le for nordavinden.

Gode fisketilhøve og badeplassar i umiddelbar nærleik. Køyreturen til Fitjar sentrum tar berre nokre få minutt, der finn de dei fleste servicetilbod, og det er berre ein halv time å køyre til tettstaden Leirvik sør på Stord. Hyttetomta ligg i gangavstand til Port Steingard, her finst det kafé som er eit kjekt treffpunkt for nye og gamle hyttenaboar.

Alle grunneigarane i Kråko Sjøhytteområde står til teneste dersom du lurer på noko. Ta gjerne kontakt!
Vil du sjå kven som utvikler denne eigedomen? KLIKK HER

For visning kontakt
Dalen Eigedomsutvikling AS
Kristoffer Dalen
t
lf 91154690
kristoffer.dalen@krako.no

alternativ 2:

Vestvendte utsiktstomter

4 tomter som ligger høgt og fritt, 2 er framleis ledige.

Alle tomtene er vende mot vest, med sjøutsikt. Tomtene ligger høgt og fritt med særs gode solforhold. I nærleiken finn du gode fiskeplassar og badeplassar. Det er høve for å leiga eller kjøpe båtplass i nærleiken. I gangavstand frå tomtene finn du Port Steingard med kafeen PS Bryggekafé, som har blitt ein kjekk treffstad for nye og gamle hyttenaboer.

Alle grunneigarane i Kråko Sjøhytteområde står til teneste dersom du lurer på noko. Ta gjerne kontakt!
Vil du sjå kven som utvikler denne eigedomen? KLIKK HER

For visning kontakt
Dalen Eigedomsutvikling AS
Kristoffer Dalen
t
lf 91154690
kristoffer.dalen@krako.no


Tomter med vidt utsyn

Tomter på Vesthaugane, som passer svært godt til spenstige funkis-bygg, med det frie utsynet mot Fitjarøyane, eller flott utsyn mot Fitjarfjellet.

Desse tomtane ligg nær Port Steingard, så her har de kort veg ned til alt som skjer der, og kort veg til naust. Pris frå kr 1.200.000,- Oppgjør skjer gjennom meklar.

Alle grunneigarane i Kråko Sjøhytteområde står til teneste dersom du lurer på noko. Ta gjerne kontakt!
Vil du sjå kven som utvikler denne eigedomen? KLIKK HER

Ta gjerne kontakt for informasjon og visning:
Vesthaugane AS
Rasmus Fitjar
tlf 91824158
rasmus.fitjar@krako.no


Tomter både lunt og høgt

Tomter lunt liggande ved hellandsstraumen, og nokre på Høgakråko. Tomtene inn mot Hellandsfjorden har lun, solrik og triveleg plassering. Det er 6 ledig nedanfor vegen. I tillegg har vi òg 8 utsiktstomter på Høgakråko, desse ligg høgt og fritt. Oppgjør skjer gjennom meklar. Det er høve for naust i nærleiken. Storleik frå 0,7 til 1,2 mål.

Dette er råtomter, dei fleste utan byggeklausul, så her kan de verkeleggjera hyttedraumen til familien akkurat slik de ser han for dykk.

Alle grunneigarane i Kråko Sjøhytteområde står til teneste dersom du lurer på noko. Ta gjerne kontakt!
Vil du sjå kven som utvikler desse tomtane? KLIKK HER

Kontaktinformasjon for visning:
Thorland Bygg og Eigedom AS
Geir Thorland
tlf 95105356
geir.thorland@krako.no


Sørvendte tomter på Skykkjeneset

Inst i den lune Hellandsfjorden ligg Skykkjeneset, med 11 tomter. To av desse er solgt, så her er 9 tomter ledig.

Terrenget er barnevennleg, lett og fritt. Her kan du nyta sola fra ho står opp om morgonen til seint på kveld, og tomtene er sjønære, så det er rike høve for å dyrke badeliv og båtglede i dette hytteområdet.

Tomtene er byggeklare, med veg, vatn og kloakk fram til tomtegrensa.

Alle grunneigarane i Kråko Sjøhytteområde står til teneste dersom du lurer på noko. Ta gjerne kontakt!
Vil du sjå kven som utvikler desse tomtane? KLIKK HER

For visning og informasjon kontakt:
Koløen Eigedomservice AS v/Johannes Koløen tlf 95152280
johannes.koloen@haugnett.no
eller Rasmus Fitjar tlf 91824158
rasmus.fitjar@krako.no

Solrike tomter på Drageidklubben

På en kolle som vi kallar Drageidklubben, oppom den lune og solrike Grønavikjo ligg 10 flotte hyttetomter utan byggeklausul, så her kan de ha fridom til å byggje hytte i samsvar med den draumen de ber på, og skapa ein heilt spesiell arena for fritidsopplevingar saman med familie og venner.

Det er høve for kjøp/leige av båtplass i Grønavikjo båthavn like ved. Til no er 7 tomter selt, ledige tomter er nr. 2, 3, 10. Priser frå kr. 800.000.

For visning og informasjon sjå annonse på FINN

Alle grunneigarane i Kråko Sjøhytteområde står til teneste dersom du lurer på noko. Ta gjerne kontakt!
Vil du sjå kven som utvikler desse eigedomane? KLIKK HER


Utsiktstomter Grønasildro

Ferdig planerte utsiktstomter i Grlnasildro. Grønasildro er eit høgdedrag på oppsida av Kråkevegen, litt sør for Dåvane. Tomtene har panoramautsikt mot Hellandsfjorden, med Fitjarfjella i bakgrunnen.

Det er ingen byggeklausul på desse tomtene, så her står du heilt fritt. Tomtestorleik frå 600 – 1000 kvm. Tomtene vert levert ferdig planerte inkludert veg, vatn, avløyp, straum og breiband til tomtegrensane. Hytteeigarar vil få tilgjenge til båtplass i etablert marina i området. 

Alle grunneigarane i Kråko Sjøhytteområde står til teneste dersom du lurer på noko. Ta gjerne kontakt!
Vil du sjå kven som utvikler desse tomtane? KLIKK HER

For prisinformasjon og avtale om visning, kontakt:
Waage Eigedom AS
Ole Johan Waage tlf 41561674
ole.johan.waage@krako.no